Nyss
Afterski-kolleksjonen er klar
Publisert: 26/03/2022
Oppdatert: 01/04/2022
Treng du noko nytt og friskt til Afterski? No er strikkepakkane til Afterski slipover og Afterskilua tilgjengeleg på omfar.no. Med tjukk tråd på tjukke pinnar blir du ferdig på 1-2-3!
Ideen til Afterski slipover fekk eg på ein tur der det var snakk om kor viktig det er å vise att når ein ferdast i fjellet.
Mange meiner at det er minst like viktig å bli sett på afterski. Dette problemet er løyst med Omfar sin Afterski slipover (og lue)!
I nettbutikken har vi lagt ut strikkepakkar for slipover og lue (i same pakken) og for Afterskilua.
Dei ulike fargekombinasjonane har eg skamlaust namngitt etter Freddy Kalas sin (strikke)Pinne for landet. Hemsedal og Trysil er retro og knall, medan Hafjell og Kvitfjell er meir duse og lekre. Mønsteret av skiløparen byggjer på ein kjerringbord eg fann i boka Norske Strikkemønstre (Bøhn, 1929).
Eg gav kjerringa ski, og ho var klar til både topptur og afterski. Akkurat som du?
Det er valfritt om du vil strikke dame, mann, eller kanskje begge? Du finn begge mønsterblokkene i oppskrifta som følgjer med i strikkepakken.
Kombinasjonen av Freddy Kalas og tradisjonell norsk strikkehistorie, er som kakao med chilli… Det berre fungerer.
Dette designet er eit samarbeid mellom mi eldste dotter og meg.
Takk, Mali, du sluttar aldri å imponere meg!
Hovudmodell for Afterski-kolleksjonen er yngste dotter, mi, Alma.
Tusen takk for flott innsats og masse positiv energi under fotoshooten!
Då er det berre å gjere seg klare til Afterski!

