Nyss
Eit nytt Omfar for Linda
Publisert: 25/02/2022
Oppdatert: 26/02/2022
Etter suksessen med Hjørundfjordgenseren og Kufjordkofta, startar Linda på sitt neste omfar, på eigen hand.
Heilt sidan tidleg på 2000-talet har Linda Olason Erdal El'Mourabit gått med ein tanke om å formidle eigne design for publikum. Ho fekk ein smak av dette då ho vann designkonkurransen i regi av koftegruppa (Facebook) med Erdalkofta, og ikkje minst gjennom etableringa av Hjørundfjordstrikk. Sistnemnde var ein spennande og lærerik prosess på mange måtar, men for Linda er dette eit avslutta prosjekt, som ho ser vil leve godt vidare utan henne.
No er Linda klar til å stå på eigne bein og ho har brukt den siste tida godt.
Gjennom Omfar vil Linda formidle si eiga forteljing og opplevingar gjennom strikkedesign. Namnet Omfar er ikkje tilfeldig. Den klare assosiasjonen går sjølvsagt til å strikke eit omfar (ein runde) med tråd, men på Sunnmørsdialekta kan dette også relaterast til å reise omkring (fare omkring/omfar). Namnet har også fått inspirasjon frå dei mange kreative prosessane ein går gjennom når ein jobbar med ein idé eller eit design, noko som også er noko av inspirasjonen til Omfar-logoen. Denne er designa av Thomas Lewe, som har lang erfaring frå ulike designoppdrag. Med seg som gode støttespelarar har Linda ektemannen og fleire andre familiemedlemmer.
Kva kan publikum forvente seg av Omfar?
Linda har brukt det siste halvåret godt og ho har designa ei rekkje nye strikkeprodukt. Det første produktet, Omfargenseren, er no tilgjengeleg som strikkepakke i nettbutikken. Denne unisex-genseren er litt av ein fargeklatt og den representerer ein ny start for Linda. Ein kan velje genseren i to ulike fargekombinasjonar, og vonleg vil den falle godt i smak blant alle strikkeglade, og dei som er glade i strikkeplagg.
Det andre nye designet som er tilgjengeleg i nettbutikken, er Våghals. Dette er ein hals for den som vil ha eit enkelt men luksuriøst plagg som varmar under jakka. Våghals brukar to typar garn og kombinerer hakking og strikking. Denne kombinasjonen er på mange måtar signaturen til Linda, og har vore det heilt sidan ho leverte Bacheloroppgåva si i kunst og handverk i 2014.
I tillegg til nye design har Linda også børsta støv av nokre av hennar tidlegare kreasjonar, som aldri før har blitt publisert.
EItt av designa som Linda gler seg aller mest til å vise fram i ny drakt, er kofta Ramoen, som er eit re-design av Bachelorkofta frå 2015.
Dette designet og fleire andre vil kome i løpet av året.
Det er verkeleg mykje spennande i Linda sitt designunivers, så det er berre å gle seg til det som kjem framover!
Vi i Omfar vonar at de tek godt imot dei nye produkta våre, og vi gler oss til å bli betre kjende med dykk!