Nyss

Erdalgenseren er her

Publisert: 20/09/2022 Oppdatert: 21/09/2022

"Nytt" design frå Omfar er endeleg klart for dykk!

Erdalgenseren er laga med inspirasjon og kjærleik til heimstaden min, Erdal i Barstadvika.
Erdal er utgangspunktet for mange fine omfar i Sunnmørsfjella.
Molladalen, Middagshornet og Klovetind er nokre av dei mange skattane som ligg klare til å bli utforska.

Erdalgenseren er eit redesign av eit mønster som eg designa og gav ut i Familien i 2015.
Redesign er både kjekt og krevjande på same tid. Etter mykje utprøving landa eg på modellane "Fargerik" og "Harmoni".

Fargerik

Harmoni

Dei same tilnamna vart brukt på Omfargenseren, og viser til at den eine modellen har spreke fargar, medan den andre er litt meir dus. 
Eg håper at du får stor glede av din Erdalgenser og at du tek den med deg på mange nye
og spennande eventyr, anten det er i naturen eller i storbyen.