Nyss

Erdalkofte - mitt finaste design?

Publisert: 19/12/2022 Oppdatert: 19/12/2022

I 2015 var det lyst ut ein designkonkuranse på koftegruppa på Facebook. Ein skulle designe koftegruppekofta si offisielle kofte. Denne konkurransen vann eg med kofta under arbeidstittelen Erdalkofta, og oppskrifta vart trykt i Familien. Etter dette vart det ikkje noko meir snakk om Erdalkofta. Kanskje var den eit litt for ambisiøst prosjekt, med hakking, med mønster, ulike garnkvaliteter, som også var kostbare, og med lommer. Men mønsteret er så nydeleg!

Mønsteret vart utarbeid i forbindelse med baceloroppgåva mi på kunst og handverk. Det vart ikkje brukt den gongen, men eg klarte aldri heilt å legge det vekk. Sidan garnkvalitetane frå den fyste koftegruppekofta no er utgått, var det aldri eit alternativ å lage ein strikkepakke slik den eingong var. I tillegg ville eg gjere den enklare og finare. Derfor vart det gjort utprøvingar i eit deilig garn frå Raumagarn, nemlig 3-tråds strikkegarn. No vart det berre ein garnkvalitet, og dermed mykje mindre forbruk. I mellomtida hadde eg prøvd ut mønsteret i Vams, og dette resulterte i Erdalgenseren.

Min kjærleik til fargar og mønster har ført til mange fargerike design, og dette kjem nok til å fortsette, men denne gongen ville eg ha eit plagg som var enkelt og tradisjonelt. Fargane er delikate, og kofta er eit plagg som kan brukast til det meste. Av og til må ein tenkje at det enkle er det beste, og denne kofta treng ikkje meir for å skinne. Den har blitt akkurat slik eg ville den skulle bli. Eg likar at ei kofte er stødig, og at forma vil halde seg gjennom lang og god bruk. 3-tråds strikkegarn frå Rauma Garn er i 100% norsk ull, med dei same kvalitetane som finulla. Den er berre litt tjukkare og passa godt med det uttrykket eg var på jakt etter med Erdalkofte. Denne ulla held forma bra, og vert berre betre og betre gjennom bruk.

Strikkepakken gir deg ei kofte som er enkel å strikke. Det er vanlig raglanfelling, og knappestolpar som ein fester på til slutt. Likevel klarer eg ikkje heilt å legge frå meg det som har blitt mitt kjennemerke, nemlig kombinasjonen med strikking og hakking. Dette er eit heilt valfritt tilskudd til kofta. Kofte er i utgangspunktet utan lommer, men ein kan velje å lage lommer på kofta som er hakka. Dette gjerast på same måte som når ein klipper opp til knappestolpe. Ein berre markerer med ein merketråd kvar ein vil at lomma skal vere, syr maskinsaum tett inntil, og klipper opp. Litt skummelt kanskje, men det er heilt trygt! Å bruke hakking i lomma gir ei lomme som er mykje stødigare enn dersom ein strikkar den. Eg vil virkelig anbefale deg å prøve det ut! Hakking er veldig enkelt, du finn fine instruksjonsvideoar på nettet. Lommer på ei kofte er ikkje heilt vanlig, men det er veldig praktisk.
Når lomma i tillegg er eit dekorelement, då kan ikkje det bli feil.

Ekstra nydeleg blir kofta dersom du broderer inn i stjernene med ein farge du likar, og bruker den samme fargen på lommene. Eg har brukt ein delikat gulfarge som min kontrastfarge. Fargen er nesten ikkje synleg før ein kjem nært innpå, og gir ein ekstra dimensjon og gjer plagget enda vakrare. Ein kan også velje å berre brodere i stjernene, og ta ein farge som stikk seg litt meir fram. Gjer som du vil! Ta ein farge som du likar skikkelig godt, prøv deg fram med ulike fargar, gjer kofta di unik! Eller du kan velje å la den vere slik den eigentlig er, i dei to fargane du kan kjøpe strikkepakke av. Kofta står seg heilt fint aleine.

Som du kanskje forstår, er eg veldig stolt av denne kofta. Eg har jobba med den lenge, og fargane som er brukt er utruleg gode og haldbare. Her er det mogleg å lage ei kofte som kan leve i generasjonar. Eg trur at i eit samfunn der trendar og moter skifter så fort, er det dei gode designa som vil overleve. Dette meiner eg du får gjennom Erfdalkofte.