Nyss

Omfargenseren Nice - ein real fargeklatt!

Publisert: 09/06/2023 Oppdatert: 10/06/2023

Omfargenseren var det aller første designet vi lanserte her på omfar.no.
Eg var veldig nøgd med designet si form og fargane som vi lanserte då.
Etter knapt eit år med mange nye designlanseringar og mange nye inspirasjonar, såg eg at eg berre var nøydd å utfordre fargebruken!

Omfargenseren Nice er eit produkt av alle desse inspirasjonane, men i hovudsak ein tur eg hadde til Nice i haust.
For meg er strikking ein form for terapi, og eg tykkjer det er utruleg inspirerande å sjå meg omkring og hauste nye idear frå mange ulike element omkring meg.
Hausten 2022 var eg på ferie med familien i Nice. Akkurat då strikka eg på Citykofta til Ingunn Birkeland, som eg tykkjer er ein fantastisk designer, som tør å utfordre det konvensjonelle.
Dette kombinert med ein tur til Villa Ephrussi de Rothschild i Nice, og å få oppleve dei mange fantastiske fagekombinasjonane der, gav meg ein trang til å gjere noko nytt og fargerikt.

Omfargenseren var eit naturleg "offer" for inspirasjonen min. Eg tykkjer Omfargenseren er ganske så "nice" og sidan vi var i Nice, så fekk det nye designet namnet Omfargenseren Nice. Denne kan du strikke i tre ulike grunnfargar, men mønsterfargane er like på alle. Denne kule kombinasjonen gjer at du kan setje ditt preg på din Omfargenser Nice.

Eg håper verkeleg at du kosar deg og blir glad når du tek fatt på din Omfargenser Nice!







Hovudinspirasjonen til Omfargenseren