Nyss

Ramoen - tøffaste kofta i hittil i år!

Publisert: 31/01/2024 Oppdatert: 31/01/2024

Endeleg er Ramoen her!

Ramoen er eit fjell som ruvar 1419 meter over havet ved Barstadvik i Ørsta kommune. 
Vegen dit er både lang og bratt, og dette kjenneteikner også prosessen som førte fram til 
oppskrifta du no held i hendene dine. Fjellet Ramoen er imponerande når ein ser det på avstand, og kan sjå litt skummel ut å bestige. Kofta Ramoen kan sikkert vere litt på same måten. 
Likevel håper eg den vil gi deg glede under strikkeprosessen, og blir eit plagg du tek på deg 
titt og ofte.

Sidan oppstarten av Omfar har eg lansert fleire nye design, og eg er kjempeglad for at så mange har valt å strikke plagga som er lansert. Ramoen er basert på eit tidlegare design, men den er 
tilpassa slik at den ikkje skal verke så komplisert som den den opprinnelege kofta. 

Den første versjonen vart designa i 2014 og fekk namnet Bachelorkofte, fordi den var del av bacheloroppgåva mi då eg studerte kunst og handverk. Kofta skulle kombinere det klassiske frå lusekofta og samstundes innehalde moderne designtrekk.
Den nye kofta, Ramoen, er enklare enn den førre men inneheld likevel fleire av dei same 
designtrekka. Sjølve mønsteret er det same, men forma på kofta er meir tradisjonell.
Til Ramoen har eg brukt annan type tråd, noko som gjer kofta luftigare og lettare, og den har fått nytt liv gjennom nye fargekombinasjonar.