Nyss

Strikkekafé på Tredet

Publisert: 18/04/2022 Oppdatert: 19/04/2022

Linda frå Omfar kjem på strikkekafé på tredet 19. april, kjem du?

Det er rart å tenkje på at www.omfar.no starta opp 25. februar i år. Mykje har hendt etter dette!

6. april var Omfar på strikkekafé på Hellesylt Boutique og bar (på Hellesylt). Vi vart godt mottekne av engasjerte og strikkeglade damer frå den vakre Sunnylvsbygda.
Nettsida Hellesylt Info skreiv eit fint stykke om arrangementet. 

No er tida inne for neste oppdrag! Strikkekafe Merete og Astri har invitert Linda til å fortelje om Omfar, når dei startar opp at strikkekafé etter påske i morgon på Tredet (Volda).
Linda vil fortelje om bakgrunnen for strikkeinteressa, korleis ho jobbar med kreative prosessar, om bakgrunnen for Omfar, og kanskje også røpe litt om kva publikum kan forvente frå Omfar i tida framover.

Vi håper at du tek med deg spøtet til Tredet i morgon, tysdag 19. april kl. 18.00 - 20.30.
Link til arrangement på Facebook: https://www.facebook.com/events/556245729446000
Vi gler oss til å treffe deg!

Beste helsing

Team Omfar