Om oss
Omfar er eit nytt selskap på den norske strikkemarknaden, men bak selskapet står designer Linda Olason Erdal El'Mourabit, for mange kjend som designeren bak Hjørundfjordgenseren og Kufjordkofta. Med Omfar startar Linda eit nytt kapittel der ho ønskjer å binde strikking saman med inspirasjon frå kvardagen og dei vakre omgjevnadane rundt oss.
![]() |
Eit omfar er frå gamalt av måleeininga som vart brukt for å måle maskestorleiken på fiskegarn, og i strikketermar er eit omfar ein runde med strikking. I dagleglivet opplever vi mange omfar når vi går rundar med oss sjølve i ein kompleks og innfløkt kvardag. Det blir ofte nesten som å nøste opp i eit garn som har gått i surr. Omfar vil prøve å bidra til at kvardagen blir litt greiare gjennom å kome med nye spennande mønster og ei tydeleg oppskrift for korleis kome i mål med det ferdige produktet.
Dei siste åra har Linda designa ei rekkje spennande mønster som hittil har vore godt bevarte hemmelegheiter for folk flest. Nokre av desse godt bevarte skattane og mange nye design vil etter kvart bli gjort tilgjengeleg for dykk her på omfar.no.
De kan forvente dykk spreke fargar og spenstige mønster i fin harmoni. Vi kan heller ikkje utelukka at det kan komme nokre overraskingar.
Linda har ein bachelor i Kunst og handverk frå Høgskulen i Volda (2014). I bacheloroppgåva designa ho ei kofte der ho kombinerte strikking og hakking (også kalla tunisisk hekling). Sidan den gong har dette blitt eitt av Linda sine varemerke i designa hennar, og de vil finne dette i mange av dei framtidige produkta som vil bli lansert på denne nettsida. Andre særtrekk ved Linda sine design, er nyskapande bruk av fargar samt spennande og til tider intrikate mønster.
Vi i Omfar gler oss til å bli betre kjende med dykk, og håper at de vil følgje oss på dette omfaret, ei spennande reise der kvardag, natur og strikkeglede møtast.