Omfargenseren Nice Deux

Ny variant av Omfargenseren Nice, for deg som likar litt mindre mønsterstrikk. 
På bolen startar ein på siste mønsterblokka der grunnfargen er i botnen.
Enkelt og greitt!
Ikke medlem pris: 899,- NOK
899,- NOK

SKU: OMFND_01-1

På lager På lager

icon

Del gjerne på

  • Produktinformasjon
  • Video
Strikkepakke for Omfargenseren Nice Deux

STORLEIKAR S (M) L

MÅL (cm)
Overvidde ca. 89 (98) 107
Heil lengde ca. 60 (62) 65
Ermelengde ved samanstrikking ca. 53 (54) 56

Garn: Rauma Finull (2-tråds kardegarn av 100% norsk ull)

ANBEFALT TILBEHØYR (kan kjøpast her):  
Settpinnar 3 mm
Hakkepinne 3,5 mm
Rundpinne 40 cm 3,5 mm
Rundpinne 80 cm 3 mm og 3,5 mm

Set farge på sjølv den gråaste av dagar!
Omfargenseren Nice/Nice Deux er ein skikkeleg fargeklatt, som har fått inspirasjon frå ein tur designer, Linda, hadde til Nice hausten 2022. Sidan ho tykkjer fargane er ganske så ”nice”, var det naturleg å kalle den for Omfargenseren Nice. Garnet i strikkepakken er finull frå Rauma Garn, eit naturleg val når ein skal strikke ein lett genser av 100 % kortreist ull.
Den ferdige genseren er perfekt både når det er varmt og kaldt ute og med finull er det veldig lett å halde plagget reint.

Mønsteret kombinerer hakking (tunisisk hekling) på skulderpartiet med tradisjonell strikking på resten av genseren, men om heller vil strikke skulderpartiet, er det ingen problem. 
Omfargenseren Nice får du med tre ulike grunnfargar for brot og skuldar. Vi håper du finn ein variant som gir deg mange glade og fargerike dagar.

Kva for ein er din favoritt?